Om sida
Velkomne til politikken.info, ei side satt opp og velikehaldt av Håvard Eide.
Ideen til denne sida kom etter innlegget Politikere på twitter av Hallvard Lavoll.
Med eit valg-år i år ville eg ha ein rask oversikt over kva som skjer i det politiske livet i Noreg, og når det ikkje fanst ei enkel oversikt satte eg meg ned og leita opp politikarar
på nettet, både parti og individuelle bloggar og samla dei på ein plass: politikken.info.
Sida fungerar på følgande måte: RSS blir henta fra dei forskjellege sidene ein gang i timen og satt saman til ein
enkel oversikt over kva som blir sagt akkurat no på nettet. Innhaldet kjem som heile tekstar eller utdrag, og du må da vidare til sida for å lese den i sin
heilhet. Du vil heller ikkje få historikk på kva som har skjedd ( iallefall ikkje enda ), sida er meint til å gi informasjon om kva som skjer akkurat no
innan politikken i Noreg.
Som du vil sjå: fleire parti manglar her, men dette er på grunn av manglande RSS på sida deira, dette er det ingenting eg kan gjere noko med, så det er
ikkje eit aktivt valg fra mi side å utelate desse. politikken.info er, og kjem til å bli, ei partipolitisk uavhengig side som presanterar informasjone slik
den kjem inn.
Seksjonar
Sida er delt opp for å lett skille kvar informasjonen kjem fra:
Parti: nyhende og bloggar fra politiske parti
Nyhende: fra aviser som har ein dedikert politisk RSS straum
Twitter: politisk relaterte Twitter brukarar
Andre ting
Vist du er eigar av ei side som er lista her, men ikkje vil at den skal være tilgjengleg her: ta kontakt og eg vil fjerne den ( eg treng da ein epost som eg kan forsikre meg om kjem fra di side ), du kan og ta kontakt vist du har tips om sider som bør få plass på denne sida.
Hugs at du kan og abbonere på RSS fra denne sida i menyen til høgre.
Parti